Musikkfest!

Musikkfest

23. august er det klart for Musikkfest Tromsø! Mellom 1200-1700 vil band og artistar innanfor alle moglege sjangre spele over heile byen. Og her er det berre å ta fram solhatten, evt. solhatt. Det vert ute. Det er den gode gjengen i Kompetansesenter for rock i Nord-Norge, Fritid og Audiator og Tvibit som har tatt initiativ til sakene. Og dei har invitert konsertarrangørar og andre gode miljø til å delta i opplegget, inkludert The Beat Happening. Vi er veldig glad for å bli spurt, og skal etter beste evne bidra til ein bra fest. Detaljane er ikkje heilt spikra, det må vi kome attende til. Men tanken er at vi skal skape gode vibbar på ei av scenene i byen. Om du er med i eit koolt band og vil spele, ta kontakt med oss eller direkte med Musikkfest. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *